Einar Førde har site høgt i politikken og i media, ein god stad for ein som vil ha vidt utsyn. No nyttar han dette utsynet til å kome med sine kommentarar og skråblikk på mangt og mykje i det norske samfunnet. I boka "Utsyn" kommenterer Førde alt frå rasisme, fotball, Europa-debatt og FN, krisa i kapitalismen, skolen og klassesamfunnet, vår nye USA-skepsis, heimleg og internasjonal korrupsjon, vårt norske oljekompleks, religion og fundamentalisme, ukloke streikar, lekkasjar frå Utenriksdepartement, spelegalskap, familiepolitikk, forsvar for våre kollektive gode, språk, kultur og det han yndar å kalle "nasjonens lim". I forordet i boka skriv han: "Då eg gjekk i gang med dette arbeidet, sette eg meg som program at eg ikkje skulle skrive om Arbeiderpartiet og NRK. Eg skulle også unngå vondsinna karakteristikkar av andre personar. Det programmet har eg ikkje greidd å halde. Naturen vinn over tukta...